Med gode vener, fyll og ein full innboks på Tinder har Alex alt lagt til rette for å leve sitt beste liv. Det er berre éin ting som hindrar ho: hennar eigen kropp.
I Kva tid følgjer me ho gjennom hennar møte med helsevesenet, vinkveldar og søken etter kjærleik. Er det mogleg for Alex å leve livet som ung og lovande med dei plagene ho har?
Eg var eigentleg litt glad for at eg skulle til legen i dag. Eg er ikkje så god på å lyge, så det var fint å ha ein faktisk unnskyldning til å dra frå han eg var hjå. Eller dei.
Han hadde katt. Eg er glad i kattar. Han var veldig glad i kattar.
Og altså greitt nok at katten er i same rom medan det skjer. Men eg synest det blir litt rart når han lar den kome opp i senga. Og klappar på den. Og snakkar med sånn pusestemme. Og mjauer.
Tenk så mange nedverdigande augeblink eg kunne spart meg for dersom eg ikkje hadde vore singel.
Dette er ei humoristisk førestilling som set lys på det å vere ung og kronisk sjuk. Førestillinga hadde urpremiere under Oslo Fringe Festival 2022 og Brita Angeltveit vann kategorien «Beste kvinnelege artist/skodespelar» for å ha medverka i førestillinga.
Kva tid vart også nominert i kategoriane «Beste førestilling», «Beste manus» og «Mest rørande augeblink». Førestillinga spelte også to utselde førestillingar på Salt i januar 2023.
Medvirkende:
Brita Angeltveit
Ane Hulbækdal Melting
Ameline Tangen Sørgen
Ein stor takk til:
Salt for støtte til utviklinga av førestillinga / Tormod Fuglestad for inspirasjon til vidareutvikling av manus.
Dørene åpner kl. 21.30
Forestillingslengde: 50 minutter
Scene: Oslo Nye Cafescenen
Tid: 16. juni kl. 22.00